page view image

Barneverkstad: Xylofon med Nakibembe

EVENT INFORMATION
event image

Vil du prøve å spele på verdas største xylofon?

Bli med på barneverkstad med Nakibembe, så får du prøve embaire, den ugandiske xylofonen.

I Uganda grev dei eit stort hol i bakken, og legg "plankane" dei spelar på over holet. Rundt kan det sitje 7-8 presonar og spele på instrumentet samtidig. Instrumentet har musikarane arva frå forfedrane sine, og det finst berre dette eksemplaret. Det er ingen som veit kven som har laga det, korleis det vart laga eller kva materiale som vart brukt.

Nakibembe vil vise deg kule rytmar og lydar ein kan lage på embaire. Kom og bli med!

Sjå video:

NAKIBEMBE PÅ WOMEX I PORTUGAL 2021 (youtube)

Meir om artisten:

NAKIBEMBE XYLOPHONE TROUPE - Meir embaire til folket

Embaire er ein stor xylofon av tre, som vert spelt på av opp til 8 musikarar på same tid. Dei vev saman ulike rytmar til poly-rytmiske melodifrasar. Det startar med enkle rytmar og byggjer musikken opp lag på lag, til den når ein slags ekstase av rytmar og unison song, eller spørsmål og svar-synging.  gjerne med samstemd song, eller spørsmåll og svar-songar.

Nakibembe Xylophone Troupe frå Busoga i Uganda, er ei av svært få grupper som framleis trakterer embaire, og dei arbeider no iherdig med å spreie kunnskapen om dette spesielle instrumentet, mellom anna ved å spele på internasjonale festivalar. Sist oktober gjorde Nakibembe Xylophone Troupe stor suksess med konserten sin på den internasjonale musikkmessa Womex i Porto. Mottoet ‘meir embaire-musikk’ til verda, ser iallfall i år ut til å slå an.

Artistmedlemmer:

Don Zilla, manager

Faizo Kapado, xylofon

Nassar Kinobe, xylofon

Kusaini Tenywa, xylofon

Salifu Edhaya, xylofon

Asan Amuli, xylofon

Rashid Ngobi, xylofon


barnefolk

Waiver

Kjøpte billetter vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.