Daughters of Donbas
Eit sterkt musikalsk prosjekt i skjeringspunktet mellom song, kammermusikk og samtid.
Daughters of Donbas er eit musikalsk prosjekt leia av den ukrainsk-kanadiske songaren og journalisten Marichka. Prosjektet har fått stor merksemd internasjonalt, både for det musikalske uttrykket og for bakteppet det spring ut av.
Marichka har arbeidd som krigskorrespondent i Donbas og har møtt familiar råka av krigsbrotsverk i Aust-Ukraina. Desse erfaringane ligg til grunn for prosjektet, der musikken formidlar personlege forteljingar frå ein pågåande konflikt – mellom anna historia til ukrainske born som har vorte bortførte frå okkuperte område.
Ensemblet består av tre songarar og ein strykekvartett. Musikken kombinerer ukrainske vokaltradisjonar med element frå art-folk og kammermusikk. Uttrykket er gjennomarbeidd og konsentrert, med veksling mellom arrangerte parti og heilt nedstrippa songar der stemme og klang står i sentrum.
Dette er ein konsert som legg vekt på lytting. Songane byggjer på verkelege forteljingar og blir formidla med tilbakehald, presisjon og musikalsk tyngd.
Kvar song vitnar om eit stole namn, ein stolen barndom, ei stilna stemme.
Daughters of Donbas ønskjer å takke Canada Council for the Arts, Ontario Arts Council og regjeringa i Ontario for støtta til dette prosjektet, Songs of Stolen Children.
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.