Search for events
Strengemeisteren Ole André Farstad og songaren og kunstnaren Medi Farmani har skapt eit unikt og vakkert uttrykk ved å blande instrument frå heile verda med persisk og arabisk poesi.
Førdefestivalen Festivalpass 2024 inkluderer fem konsertar (verdi kr 2260,-) og tre dansearrangement (verdi kr 600,-) - og gjev stor rabatt på alle andre konsertar!
Med si djuptgripande og lidenskapelege stemme byggjer Aziza Brahim bruar mellom røtene sine i Vest-Sahara og Barcelona. Ho er ein lyrisk poet og ei sterk talskvinne for det saharawiske folket sin kamp for anerkjenning og rettferd.
Ei framsyning som syner eit rått og ærleg bilde av korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar.
LINA_ leitar stadig etter korleis ein kan modernisere fadoen for nye lyttarar og nye generasjonar. Ho tok pusten frå publikum med sitt første prosjekt, og det er all grunn til å ha høge forventningar når LINA_ inntek ei av Førdefestivalen sine største scener, Storsalen i Førdehuset.
Vi riggar til med langbord og bar, og stiller med to skotske
toppnamn på scena: Julie Fowlis og Ímar!