page view image

Film: Breaking the silence: Music in Afghanistan

EVENT INFORMATION
event image

Vi syner dokumentaren Simon Broughton laga for BBC i 2002, om situasjonen i Afghanistan like etter Taliban sitt fall.

Filmen inneheld nokre sterke personlege historier, inkludert den om Mashinai, sarinda-spelaren som fekk instrumenta sine øydelagde, og som måtte jobbe som slaktar under Taliban. Vi treff den kvinnelege songaren Naghma som mista syster si, då systera vart feilaktig drept av Mujahideen i staden for ho.
For alle afghanske musikarar under Taliban var det eit sterkt val: hald kjeft, eller kom deg ut.

Etter fem år med undertrykking er tørsten etter musikk og kultur enorm.

Merk at filmen er utan norsk tekst. Filmen har engelsk tale, og er teksta på engelsk når det vert snakka andre språk.

Denne filmen har fri entré for alle.


anna

Waiver

Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.