page view image

Festivalnatt: Kobo Town / Ladama / DJ Claptrap

Information
event image

LADAMA

Dei fire musikarane og songarane i LADAMA er søstre i song, rytme og ånd. Med musikk frå heimlanda sine, Brasil, Colombia, Venezuela og Nederland, nyttar dei både tradisjonelle og utradisjonelle instrument frå heile Amerika, for å lage latinalternativ musikk. 

Dei gjev oss både cumbia, maracatu, onda nueva og joropo – med eit snev av soul, R&B og pop – i det som blir ein heilt eigen LADAMA-stil.


KOBO TOWN

Oppkalla etter nabolaget Kobo Town, fødestaden til calypsoen, blir musikken deira skildra som ei rusande blanding av melodisk calypso-humor, dancehall-reggae og trombonetung brass. 

Frontfigur Drew Gonsalves frå Trinidad skriv songar som både er grublande og glade, med djupe røter i karibisk folkemusikk. 

Blanda med reggae, ska og moderne uttrykk skaper Kobo Town ein drivande, lystig calypso-rock som er lett å bevege seg til. 

Bli med og dans! 


DJ ClapTrap spelar mellom setta og heilt til slutt.


Vel møtt!



konsert/dans

Restrictions

Dørene opnar kl 22.00
Arrangementet har 20 års aldersgrense.

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.