page view image

Ebo Krdum Trio

EVENT INFORMATION
event image

Førdefestivalen gler seg til konsert på Vesle Kinn!


Konserten er utseld, men i samarbeid med Vesle Kinn har vi funne ei løysing der vi kan selje nokre ståplassar. 

Desse vert KUN seld i døra. Pris kr 100,-


I år får den fine ølkaféen i Florø besøk av Ebo Krdum.

Ebo Krdum sin varme afrikanske blues og afrobeat har stødig forankring i musikktradisjonar sør for Sahara. Han er musikkaktivist, og syng om rettferd, fred, likskap, mangfald og fridom. Med base i Stockholm er han på full fart mot den internasjonale stjernehimmelen. 

Vesle Kinn får trioversjonen, og dette er hans første Norges-konsert.

Meir om artisten:

EBO KRDUM - Sudan/Sverige

Ørkenblues-aktivist

Ebo sin musikalske ideologi: Stå alltid på dei fattige si side, hald fram med å skape medvit om saker som må løftast opp. Undervurder aldri krafta i ord og musikk for å skape endring. Støtt alltid dei undertrykte, sårbare og marginaliserte, og velg alltid ikkje-vold som løysing på konfliktar og problem.

Ebo Krdum er ein sudanesisk-svensk sjølvlærd songar, gitarist, artist, skodespelar - og aktivist. Han lagar politisk afrikanske blues og afrobeat som er stødig forankra i fleire musikalske tradisjonar frå området sør for Sahara. Krdum syng på mange ulike språk, og tekstane kretsar rundt rettferd, fred, likskap, mangfald, revolusjon og fridom.

Då han var 6 år gamal oppdaga han at han kunne synge og at han kunne tromme med berre hendene. Han byrja å underhalde folk i landsbyen. Enkelte gonger fekk han ein mynt eller litt snop i betaling. Som 13-åring bygde han sin eigen gitar. Han lærte seg å spele ved å høyre Ali Farka Touré og Boubacar Traoré på faren sin radio eller sjå dei på den einaste TVen i landsbyen. Snart lærte han seg andre instrument som gojo, ngoni, oud, tamboor, trommer, tangent og trefløyte.

Då krigen starta i Darfur i 2003, vart Ebo Krdum ei viktig stemme for den fredelege revolusjonen mot det korrupte og valdelege regimet. Han var ei musikalsk stemme, men var også fysisk aktiv i motstandsgrupper som hadde som mål å styrte diktaturet i Sudan. Etter kvart vart han nøydd til å flykte, og i 2010, som 21-åring, kom han til Sverige.

Krdum har etablert seg som musikar i Stockholm, med eige band av sju handplukka musikarar. På kort tid har han markert seg som ein av dei leiande på verdsmusikkscena i sitt nye heimland. I september 2021 gav han ut albumet Diversity på eit av Sverige sine mest interessante plateselskap, ‘Supertraditional’, og månaden etter hadde stor suksess på den internasjonale bransjemessa, Womex, i Porto.

Ebo Krdum Trio spelar i Florø, på Vesle Kinn, onsdag. Dagen etterpå spelar han med fullt band på Larris Scene etter opningskonserten.

konsert/dans

Restrictions

Aldersgrense 18 år.

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.