page view image

Akselsen/Carstensen/Kvernberg

EVENT INFORMATION
event image

Ei stemme og ei historie utanom det vanlege.


Elias Akselsen formidlar songane og musikktradisjonen han lærte seg rundt bålet som liten. Etter år som omstreifande musikar i Sverige, kom han på 80-talet tilbake til Norge som predikant og viktig talsmann for det norske taterfolket. 

No kjem han i trespann med Stian Carstensen og Ola Kvernberg, og med seg har dei gløymde viser, melodiar og tekstar av taterfolket - som kjem på Akselsen sitt femte album.  

Vel møtt!    

Meir om artisten:

Akselsen/Carstensen/Kvernberg  - Norge

Songar og tradisjonsformidlar Elias Akselsen lærde seg faget sitt på ein så tradisjonell måte som gjerast kan; samla rundt bålet med taterslekta si i barndommen. Som tenåring og ung mann levde han som omstreifande musikar i Sverige. Han sang mellom anna med Cornelis Vreeswijk. Etter det han sjølv skildrar som ei guddommeleg openberring på julafta i 1980 vende han heim til Norge. Sidan har han vorte predikant og ein viktig talsmann for taterane her i landet, både når det gjeld å formidle av deira spesielle songtradisjon og historia deira som ein utsett minoritet. Sidan 2000 har Akselsen gjeve ut fire plater i samarbeid med multi-instrumentalisten Stian Carstensen.

Når desse to stiller til start, saman med ingen ringare enn Ola Kvernberg, får du servert ei samling songar som strekker seg frå Alf Prøysen-tid tilbake til middelalderen, framført av ei av Norges mest særeigne stemmer.  

Artistmedlemmer:

Elias Akselsen, vokal

Stian Carstensen, accordion, banjo, pedalsteel, gitar

Ola Kvernberg, fele


konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.