page view image

Caamaño & Ameixeiras @Vesle Kinn

Frisk og nytolka folkemusikk frå Galicia!

Information
event image

Sabela Caamaño og Antía Ameixeiras har markert seg som eit friskt og tydeleg innslag på den galisiske folkemusikkscena. Sidan oppstarten i 2018 har duoen fått stor merksemd både i Spania og internasjonalt, med ein personleg og oppdatert versjon av folkemusikk og -dans frå Galicia.

Den tradisjonelle musikken og dansen ligg som eit fundament, men blir forma vidare med respekt og god teft. Nye element blir vevd inn utan at uttrykket mistar forankringa si. Caamaño og Ameixeiras har solid musikkutdanning og utmerkar seg med både teknisk styrke og musikalsk nærvær. Resultatet er eit energisk og sjølvstendig uttrykk, ofte løfta fram som ei viktig fornying av galisisk folkemusikk.

Duoen utforskar dei samanvevde røtene mellom galisisk, baskisk, balkansk og keltisk tradisjon, og skaper eit rikt og levande lydbilete.

Også på platefronten har dei gjort seg godt merkte. Debutalbumet Aire! frå 2021 gav dei ein sterk start, med fleire prisar og samarbeid med etablerte artistar. To år seinare følgde dei opp med Quitar o aire, der dei vidareutviklar uttrykket og opnar nye retningar innan den galisiske og iberiske tradisjonsmusikken.

Caamaño & Ameixeiras er ein ung og vågal duo som utfordrar rammene for sine eigne tradisjonar. Saman skaper dei eit levande musikalsk univers der dei gamle vegane også er dei nye.


Sabela Caamaño – toradar
Antía Ameixeiras – fele, vokal



konsert/dans

Restrictions

Vesle Kinn har aldersgrense 18 år.

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.