page view image

Blazin' Fiddles

EVENT INFORMATION
event image

Blazin’ Fiddles, det mest kjende skotske ‘folk’-bandet, 

er endeleg tilbake i Førde!


Gruppa vart etablert i 1999 for ein enkelt turné i Skottland. Suksessen var umiddelbar, og over 20 år seinare er dei framleis i stand til å spele så taket lettar, det vere seg i eit bygdehus eller i Royal Albert Hall. Det er tett og presist. Det er lidenskap og tradisjon. Det er meisterleg og virtuost. Blazin’ Fiddles leverer konsertopplevingar for minnebøkene. Kvar gong!

Vel møtt!


Meir om artisten:

Blazin’ Fiddles - Skottland

Verdsstjernene frå Skottland

Blazin’ Fiddles vart etablert for ein enkelt turné i Skottland så langt tilbake som i 1999. To tiår seinare, er dei framleis i stand til å løfte taket når dei står på scena. Felespelarane utgjer eit sjeldan stort og virtuost utval av dei mange feletradisjonane som finst i det skotske høglandet og på øyane. Støtta opp av kraftgitar og piano, pakkar denne gjengen alt av kraft, lidenskap og kjensler i skotsk folkemusikk inn i ein konsert.

Dei stiller med følgjande fire felespelarar i front: Bruce MacGregor frå Inverness, Jenna Reid og Rua Macmillan frå Shetland og Kristan Harvey frå Orknøyane. I bakrekka, Anna Massie og Angus Lyon på høvesvis gitar og piano. Om dei spelar på bygdehuset eller i Royal Albert-typen sal, oppnår dei umiddelbart kontakt med publikum, og leverer konsertopplevingar for minnebøkene - kvar gong!

Blazin’ Fiddles er kåra til Scotland’s Folk Band of the year fleire gonger - seinast i 2019 - og sekstetten har i årevis  vore den mest profilerte og kjende folkemusikkgruppa i Skottland. Dei har turnert over alt, og har også spelt på Førdefestivalen tidlegare - men det er lenge sidan no!

Sagt om:

"bursting with joie de vivre and personality" / Songlines

"the Led Zeppelin of the folk world" / The Scotsman


Artistmedlemmer:

Bruce MacGregor, fele

Jenna Reid, fele

Rua Macmillan, fele

Kristan Harvey, fele

Anna Massie

Angus Lyon

konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.