page view image

Hytta/Færden/Flottorp

EVENT INFORMATION
event image

Anne Hytta, Johanne Flottorp og Tuva Færden følgjer i fotspora til Hardingfeletrioen og GamaltNymalt når dei skaper skinande ny musikk av heftige hallingar, poetiske visetonar, høgtidsstemde brurmarsjar og særeigne springarar. 

Dei er skjønt samde om at tre hardingfeler kan låte både ope, vart og overtonerikt og som eit flaumande detaljrikt, stort orkester. 

HYTTA/FÆRDEN /FLOTTORP - Slåttemusikk i kammerdrakt

Korleis vil det låte om du lagar arrangement for tre hardingfeler av gamle slåttar som alltid har vore meint for ei hardingfele? Kan arrangement av slike soloslåttar for eit detaljrikt instrument som hardingfele, gje noko ekstra til musikken, eller blir det berre eit overpynta kaos? Det var spørsmåla dei stilte seg, dei tre felespelarane frå Rauland, Åmli og Oslo, og slik byrja arbeidet med å spele og arrangere gamle noteoppskrifter av hardingfeleslåttar.

Anne Hytta, Johanne Flottorp og Tuva Færden har skapt ny musikk av heftige hallingar, poetiske visetonar, høgtidsstemde brurmarsjar og særeigne springarar. Saman har dei funne at tre hardingfeler saman kan låte både ope, vart og overtonerikt og som eit flaumande detaljrikt, stort orkester.

Gamle røter

Om musikken på plata Hitterdal, tufta på gamalt tonestoff, er friske, nye tolkingar av tradisjonen, så har også hardingfeletrioen som sjanger røter ganske langt tilbake. Den aller første var Hardingfeletrioen, med  komponist og hardingfelespelar Eivind Groven, Alfred Maurstad (seinare Magne Manhem) og Sigbjørn Bernhoft Osa. Dei spelte Groven sine arrangement på konsertar og ikkje minst på NRK på 1930-talet, og fekk stor merksemd. På 2000-talet tok trioen GamaltNymalt med Sigrid Moldestad, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes opp hardingfeletrio-arven. Med Hytta, Flottorp og Færden har vi fått ein tredje oppfølgjar av den litt eksklusive hardingfeletrio-tradisjonen i Norge.

Artistmedlemmer:

Anne Hytta

Tuva Færden

Johanne Flottorp

konsert/dans

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.