Folkemusikalsk språksjov

Linda Eide tek folkemusikken på kornet i ein spesialversjon av sitt språksjov. Med skarpe observasjonar, musikalske gjester og ein solid dose humor blir det ein kveld der språk og musikk møtest på sitt beste.

page view image
event date

Samstag 5 Jul 2025 20:30

Endet Samstag 5 Jul 2025 22:00
bestellen
event image

Event-Informationen

Folkemusikalsk språksjov med Linda Eide

Laurdag 5. juli kl. 20.30 | Idrettshallen, Førdehuset

Når temaet for festivalen er musikk og språk, seier det seg nesten sjølv at vi måtte involvere den blokkfløytespelande språkdronninga vår, Linda Eide! 

Og heldigvis sa ho ja til å lage ein folkemusikk-spesial versjon av språksjovet, i den største storstova vår, Idretthallen i Førdehuset.

Så då blir det Linda Eide i 'beste sendetid' laurdag kveld. 

Her får ho boltre seg med internasjonale og norske musikalske gjester som alle har ei tilknyting til språk, og vi kjenner oss sikre på at den flotte språk-vertinna kjem til å skape god stemning både på scena og i salen. Ho gler seg iallfall, og det gjer vi også!


Sjølve gjestelista til det folkemusikalske språksjovet vert kunngjort på programsleppet i april, om ikkje før!


Festivalpass = Plass på språksjovet!

Festivalpass gir deg fri tilgang til språksjovet frå unummererte plassar på tribuna – enkelt og greitt. Vil du ha eit fast sete nærmare scena? Kjøp "Festivalpass sete" for 50 kr og sikre deg ein nummerert plass!


Dørene opnar kl. 19.45. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis.

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

konsert/dans
Veranstalter
Førdefestivalen
Ihre Bestellung aufgeben