page view image

Gabriel Fliflet band | I lys loge

Songar rundt bålet. Av Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet.

Information
event image

Til alle tider, i alle kulturar, har folk samla seg rundt bålet. Der har dei fortalt soger, laga mat, sunge, kviskra løyndomar og varma kroppane sine. 


Framleis lokkar bålet oss! 

I songsyklusen I lys loge vil eld og flamme, gneist og lys, vere ein glødande tråd for fem syngande musikarar.


Leikne og lyttande tekstar er nyskrivne av Kjartan Fløgstad og musikken, laga av Gabriel Fliflet, er melodisk og vandrar i landskapet mellom jazz, folkemusikk og viser.


Gabriel Fliflet spelar trekkspel, piano og syng. Han er ein fargerik musikar, med eit varmt hjarte for ulike former for folkemusikk. Gabriel har laga ei rekke kritikarroste tingingsverk, med tekstar av m. a. Jon Fosse og Robert Burns.

Susanne Lundeng er ein av dei beste felespelarane i Norden. Ho spelar og syng med ein gripande tone og stor kraft.

Jørgen Sandvik kjenner mange frå bandet The Real Ones. Han er ein stor gitarist og vokalist, som har vunne fire spelemannsprisar.

Per Jørgensen er ein av våre største jazz- og improvisasjonsmusikarar. Han lever seg alltid djupt inn i musikken, antan han spelar trompet eller syng.

Anders Bitustøyl er ein svært allsidig og kreativ bassist, og er fundamentet i bandet.


Kjartan Fløgstad er ein av dei største romanforfattarane i Noreg, og har også skrive mange sangtekstar. Gabriel Fliflet har tidlegare tonesett 15 av Fløgstads songtekstar. Samarbeidet har m. a. ført til ­CDen Himlaleite - songar av Fløgstad og Fliflet med Trio Alde (2021), som fekk svært god kritikk.

I lys loge er tinga av Vossa Jazz og har urframføring på festivalen i mars 2024.



konsert/dans

Verzichtserklärung

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.