Bornas Verdsdagar Førde 2017

Arrangementsinformasjon
Default file 1511362195

Laurdag 25. november er born i alle aldrar velkomne til Bornas Verdsdagar Førde, ein gratis familiefestival under mottoet "oppleving gjennom deltaking". Saman med gode samarbeidspartar fyller Førdefestivalen Førdehuset med mini-verkstadar og aktivitetar. På mini-verkstadane får born synge, danse og spele ulike instrument under leiing av profesjonelle instruktørar. Verkstadane varer i 20 minutt, og dei går kontinuerleg dei timane Bornas Verdsdagar Førde varer, slik at dei som kjem på arrangementet, får høve til å prøve seg på alle. Verkstadar og aktivitetar er gratis, og alt skjer i samarbeid med Førde kommune, og skular og barnehagar i Førde. 

I år er står dette på programmet: Bollywooddans med Navreet Kaur, songverkstad med Kari Malmanger, rytmeverkstaden om dragen Pan Gu med Dimiter Stoyanov, feleverkstad med Ingrid Heieren, capoeira med Bøye Martins Skeie og Ivar Fjellfindal, eventyrhola med lesegledarane Gard Eitungjerde Høyvik og Linda Gytri og du kan oppleve forteljarkonserten Feleflaum og sogestraum med Gro Marie Svidal og Hanne B. Oftedal.  

I tillegg vert det teikneverkstad, ansiktsmåling, og du kan få skrive namnet ditt på framande språk. Ikkje minst kan du kjøpe spennande matrettar frå heile verda, i kaféen til Fargerike Førde. Kafeen vert organisert av Frivilligsentralen i Førde, og har vorte ein fast samarbeidspart i samband med Bornas Verdsdagar Førde. NB! Hugs kontantar om du skal handle i kafeen. 

Velkomen! 


Foto: Også i år håpar vi på full aktivitet på capoeira-verkstaden på Bornas Verdsdagar Førde. Foto. Arve Ullebø.

folkjazzscena
bornasverdsdagarførde
familiefestival
gratisarrangement