Antti Paalanen / Besh o droM

To eksplosive band som blandar tradisjon og trøkk – frå finsk strupesong til balkanske rytmar. Dette blir ein kveld du kjenner i kroppen!

page view image
Event date

Friday 4 Jul 2025 22:30

Ends Saturday 5 Jul 2025 01:00
order

Available items

Vaksen
UNG u 30 år
Alder 14 til og med 29 år, leg.plikt. Larris har 18 års aldergrense, yngre: kun i følje med vaksen.
Festivalpass rabatt
Armband (festivalpass) og denne billetten må visast ved inngang.
event image

Event information

Gjer deg klar for ei musikalsk oppleving utanom det vanlege!


Antti Paalanen, kjend som den galne trekkspelaren frå Finland, tek scena med ei eksplosiv blanding av tradisjonell finsk folkemusikk, elektroniske danserytmar og rå sibirsk strupesong. Paalanen trampar, brummar og skrik seg gjennom eit lydbilde du kjenner rytmen av heilt inn i margen.


Besh o droM er inspirerte av gamle melodiar frå Ungarn og Balkan, sigøynarsongar og songar frå Midtausten. Dei fyller på med trad folk roots, ville jazz-improvisasjonar og musikalske raritetar som dukkar opp i kvardagen. Besh o droM er ein ekstatisk miks av sjangerfrie rytmar, melodiøse tonar, instrumental virtuositet – og er rekna som garantistar for eit livleg dansande publikum.



Restrictions

Dørene opnar kl. 21.30
Aldersgrense 18 år.

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte. Vi gjer merksam på at det vert fotografert og filma på festivalarrangementa våre.

Tags

konsert/dans
Organizer
Førdefestivalen