Songkurs

EVENT INFORMATION

Fredag 8. juli kl 09.30-11.30

Songkurs

Instruktør: Camilla Granlien

Samle på folkesongskattar – og bli rik!

Camilla Granlien frå Furnes i Hedmark, no busett på Lillehammer, er ein av Norges desidert beste folkesongarar. Ho har vunne eliteklassen på Landskappleiken (folkemusikkens Norgesmeisterskap), og fått kongepokal for songen sin. Ho har òg ei rad plateugjevingar bak seg, med flott mottaking frå presse og publikum.

Camilla har masterutdanning innan tradisjonskunst og lang røynsle i undervisning; frå barnehageborn til musikkhøgskulestudentar, så du er i dei beste hender med Camilla som songinstruktør.

Camilla Granlien har fordjupa seg i songskattane frå Gudbrandsdalen, med ballader, bånsuller, stev og kjærlighetsviser – og dette stoffet blir utgangspunktet for undervisninga på kurset. I tillegg kan det hende du får møte nyskrivne melodiar av Camilla sjølv, med tekstar av Tor Jonsson, Olav Aukrust og Bjørnstjerne Bjørnson. 

Camilla Granlien er også med i prosjektet «Spring du fela», som har konsert i Klokkargarden i Dale søndag 10. juli kl 17.30.

Er du glad i å synge, er dette kurset det rette for deg!