Sirkus-kurs for born

EVENT INFORMATION

Fredag 8. juli kl 13.00-14.00

Sirkus-kurs for born

Instruktørar: Medlemer av Circus Raj

Er du ein framtidig sirkusartist?

Heilt frå Rajasthan i India kjem medlemene i Circus Raj med sin fascinerande og legendariske gatesirkustradisjon – og no kan DU få prøve på nokre av deira mangfaldige kunstar!  Dei kjem til Førde med dansarar, illusjonistar, luftakrobatar, linedansarar og fakirar.

Kva du får lære av alle deira mangfaldige kunster røper vi ikkje her – men er du 7 år eller eldre er du hjarteleg velkomen til å finne det ut på dette kurset. Dette er ikkje daglegdags tilbod på våre breiddegrader, så her har du ein unik sjanse du ikkje bør gå glipp av, velkomen!

Circus Raj har òg forestillingar på Festplassen i Førde både torsdag 7. og fredag 8. juli.