Opningskonsert: Nordic Sound Folk Orchestra (inkl. Dansen går i Førdehuset)

EVENT INFORMATION

Nordic Sound Folk Orchestra – folkemusikk i storformat

Med eit 40 mann stort folkemusikkorkester og eit stjernelag av solistar på scena, ønskjer vi velkomen til tidenes nordiske folkemusikkfest! 

På programmet står urframføring av musikk komponert av Jorun Marie Kvernberg (NO), Antti Järvelä (FI), Harald Haugaard (DK) og Mia Marin (SE), og nordiske tradisjonsperler i ny drakt framført av musikarar frå Gudbrandsdølenes Spelmannslag, Folk All-in Band, Baltic Crossing, Harald Haugaard Band og solistane Lena Willemark (SE), Ulla Pirttijärvi-Länsman (FI), Berit Opheim
(NO), Olav Luksengård Mjelva (NO) og Olov Johansson (SE).

Førdefestivalen vert offisielt opna av stortingspresident Olemic Thommessen.

Dørene opnar kl. 18.45. Kom i god tid så vi får smidig innslepp og kan starte presis!

Konserten varer i 2 timar.


Kjære publikum!
Opningskonserten vert filma for TV - og vi tek sikte på å lage ein TV-produksjon med WOW-effekt, difor har vi i alt 7 kamera i sving under konserten. Alle fotografar og kamerafolk vil gjere sitt aller ytterste for å gå minst mogleg i vegen for publikum, men ingen klarer å vere usynlege. Iallfall ikkje lenge i gongen! Vi håpar de blir med å lage ekte førdefestivalstemning på årets opningskonsert!
Velkomen til ein historisk festival!


Foto er frå Nordic Sound Folk Orchestra si øving i Oslo i juni. Fotograf: Karl-Johan Ankarblom

Om artisten


Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.