Opningskonsert: På flukt! (inkl Dansen går i Førdehuset)

EVENT INFORMATION

Til alle tider har migrasjon påverka og utvikla samfunn og kultur rundt oss. Gjennom årets tema vil festivalen vise det vakre i kulturen og musikken i land vi elles tenkjer på i samband med krig, fattigdom og naud.  På årets opningkonsert er det flotte artistar frå slike land som står på scena: Syriske Broukar med musikarar som i dag er flyktningar i ulike land i Europa. Frå Eritrea kjem songaren Faytinga, medan stjernevokalisten Mor Karbasi kjem med sin sefardisk-jødiske musikktradisjon frå Spania, der jødane vart drivne på flukt på 1400-talet. Romfolket er representert med gruppa Romengo frå Ungarn og Mahala Rai Banda frå Romania. Andre medverkande er Margit Myhr frå Hallingdal og songaren Gutu Abera frå Etiopia. Mira Thiruchelvam og Jawana Thayaseelan frå Sri Lanka, alle tre kjende frå Fargespill. 

 

Konferansier er Lavleen Kaur.



Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.