Mor Karbasi (inkl Dansen går i Førdehuset)

EVENT INFORMATION

English below

Mor Karbasi tok den globale verdsmusikkscena med storm med debutplata si i 2008.  Ho hadde alt, og framfor alt ei stor stemme og ei fantastisk utstråling. Mora er frå Nazareth, med marokkanske aner, og faren frå Jerusalem, med iranske røter. Det har gitt Mor Karbasi eit fleirkulturelt utgangspunkt, men den aller største arven har Mor Karbasi frå den jødiske kulturen.

Historia hennar er på mange måtar som henta frå ein Isabel Allende-roman; ei blanding av historie, magi, glede og harde realitetar. Dette får vi ta del i gjennom songane og musikken hennar som tek oss med på ei reise rundt Middelhavet. Til Marokko og til Israel, der ho er fødd. Til ei tid og ein sivilisasjon som er borte for lenge, lenge sidan, og til det som er. Her og no.

Mor Karbasi si første plate «The Beauty and the Sea» fekk utrulege kritikkar. Ho vart umiddelbart samanlikna med verdsstjerner som Mariza og Estrella Morente. I tillegg kjem det faktum at Mor Karbasi med songen sin bles liv i eit språk og ein kultur som var i ferd med å døy: Ladino. 

Mor Karbasi - Dance at Førdehuset
Idrettshallen, Førdehuset 

Mor Karbasi took the international world music scene by storm with her debut album in 2008. Her life reads like an exciting novel – a mixture of history, magic, joy and hard reality. She was born in Israel, but with roots both to Morocco and Iran. Her strongest roots lie in the Spanish-Jewish culture, therefore she sings in Ladino, and you will be able to detect traces of flamenco, fado and Arab rhythms in her music.



Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.