HEKLA STÅLSTRENGA på FolkJazzScena/Førdefestivalen

EVENT INFORMATION

Hekla Stålstrenga og deira musikk frå nord, skapte heftige tilstandar då dei spelte på Førdefestivalen i 2014, og det er rett og slett ei fantastisk stor glede å ønskje dei velkomne tilbake! 


Gjennom dei siste 10 åra har Hekla Stålstrenga bygd seg opp til å bli eit nasjonalt fenomen. Alltid med musikken frå nord som grunnmur. Låtar som Har du fyr, Båtbyggar Jo, Folketonen og Vise ved vintersolkverv har gjeve dei fast plass på norsk radio sine spelelister. 

Ein famøs og nokså crazy bubilturné i 2012 gjorde Hekla til allemannseige, og vegen frå små samfunnshus i Nordland til eit utseld operahus i Oslo, viste seg å ikkje vere så lang som du kanskje skulle trudd. Eit folkemusikkband frå Nord-Norge fylte hovudscenen i Den Norske Opera! Kven skulle trudd? 

Det er 10 år sidan dei hadde sin første konsert, og dette vert feira gjennom heile 2015. Med nye konsertar, ny musikk og nye ord. Alt frå nord. 

Bandet består av Ragnhild Furebotten (fele), Tore Bruvoll (gitarer), Anne Nymo Trulsen (song og trøorgel), Trond-Viggo Solås (bass) og Ole-Jakob Larsen (trommer). Bandet er heilnordnorsk og opptekna av å ta vare på nordnorske songtradisjonar og skattane som der finst, i tillegg til å skape ny musikk til gamle tekstar. Alle medlemane er profesjonelle og høgt profilerte musikarar som nyt stor respekt nasjonalt og internasjonalt innan sin sjanger.

førdefestivalen
folkemusikk
musikk
fele
folkjazzscena
song
førde
tradisjonsmusikk
turne
scandicsunnfjordhotel

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje.