GRO MARIE SVIDAL på FolkJazzScena/Førdefestivalen

EVENT INFORMATION

Når jølstringen Gro Marie Svidal skal sleppe si andre soloplate, er det nesten sjølvsagt at det må skjer i Jølster, og vi i Førdefestivalen svært glade for å kunne invitere til konsert på låven i Jølstramuseet, ein viktig samarbeidspart gjennom mange, mange år. Betre rammer for presentasjon av folkemusikk, finst nesten ikkje.

Det er ein av landet sine mest aktive hardingfeleutøvarar som no kjem ut med nytt materiale. Gro Marie Svidal har for lengst utvikla ein distinkt tone i spelet sitt, og spelar med eit stort musikalsk overskot. Med slåttar som for det meste er henta frå Vestlandet, ønskjer ho å underhalde og røre ved kjenslene til den som høyrer på. Ho er også oppteken av å formidle historier knytt til musikken.

Gro Marie har motteke fleire utmerkingar og prisar, og er ein ivrig deltakar på kappleikar, og i 2014 spelte ho seg heilt til topps i A-klassen på Landskappleiken. 

Kaféen på Jølstramuseet vil vere open under konserten. Meny og prisar kjem. 

gromariesvidal
hardingfele
folkemusikk
tradisjonsmusikk
jølster
jølstramuseet
førdefestivalen
førde

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje