Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeybekiko.

EVENT INFORMATION

Torsdag 7. juli kl 16.00-18.00
Fredag 8. juli kl 9.30-11.30

(2-dagars kurs)

Gresk-tyrkisk dans: Sirtaki og zeibekiko

Instruktørar: Medlemmer av Café Aman Istanbul

Bli med i Zorbas dans!

Sirtaki er ein gresk folkedans av nyare dato, som vart koreografert og gjort populær verda over gjennom filmen Zorba the Greek frå 1964. Opprinnelsen er hasapiko-dansen frå Konstantinopel, med røter heilt tilbake til middelalderen. Den blir dansa både i sirkel og på linje.  No har du sjansen til å lære deg denne vidgjetne dansen!

Den gresk-tyriske dansen Seibekiko vart opprinneleg dansa av par, men har utvikla seg til i hovudsak å vere ein solodans. Den gjev stort rom for fridom, improvisasjon – og humor!  Namnet stammar frå zeibek-krigarar i det ottomanske riket i Anatolia (Lille-Asia).

No har du ein unik sjanse til å sjå og lære desse fengande danserytmane av framståande dansarar frå ensemblet Café Aman Istanbul som også har stor framsyning i Førdehuset onsdag 6. juli kl 20.00.

Det er ein fordel med noko danserøynsle på dette kurset. Om du er med eller utan dansepartnar er du like velkomen!