FolkJazzScena: Benedicte Maurseth / Berit Opheim - TIDEKVERV

EVENT INFORMATION

TIDEKVERV - solsnufeiring 

Gangarar, springarar, ly’arslåttar og nydikta vakre balladar om sola og det mest essensielle i liva våre. Berit Opheim og Benedicte Maurseth sitt nye folkemusikkverk, Tidekverv, er ein heider til vårjamndøgn, sommarsolkverv, haustjamndøgn og vintersolkverv, og konsertane vert spelte rundt desse tidene på året.Torsdag 21. september er det klart for haustjamdøgnskonsert i Ålhus kyrkje, og med seg har dei ingen ringare enn Rolf Lislevand og Håkon Mørch Stene. 

Og som om ikkje det var nok, rett etter konserten inviterer Rom for ord til litterært kveldssete på prestegarden med forfattaren Bergsveinn Birgisson, som saman med Erlend Nødtvedt har skrive dei vakre tekstane til Tidekverv-balladane. Du møter Birgisson i samtale med den nye jølsterpresten Silje Sørebø.

Inspirert av Draumkvedet
Ideen til Tidekverv var det Benedicte Maurseth som hadde, og inspirasjonen kom frå det mektige Draumkvedet. -Draumkvedet si diktform, og ikkje minst det musikalske ritualet, som ligg i at kvedet i hovudsak vert framført 13. juledag kvart år sådde tanken i meg. Med Tidekverv vil vi hylle denne eldre diktforma med ny folkemusikk og framføre musikken rundt døgna då sola står lengst og kortast på himmelen, då sola snur og dag og natt er like lange: Sommarsolkverv og vintersolkverv, vårjamndøgn og haustjamndøgn, seier Maurseth. 

Verket inneheld både ly’arslåttar, gangarar og springarar, i tillegg til fire nye balladetekstar som handlar om det mest essensielle i liva våre - sola, og dei ulike årstidene. Dei vakre tekstane i balladane er skrivne av diktarane Bergsveinn Birgisson og Erlend Nødtvedt, og skildrar alt som modnar og gror, at ein «vil elska, syngja, tru», sommarnåden, grøda, og til slutt det stigande mørkeret, som endar med omkvedet «Eg takkar deg Gud at sola snur, uansett på kva ein trur».

Musikken er arrangert i samarbeid med musikarane Rolf Lislevand, i dag rekna som ein av verdas leiande lutt-spelarar og Håkon Mørch Stene, prisløna slagverkar på høgt internasjonalt nivå. Medverknaden til desse to har farga det folkemusikalske uttrykket i Tidekverv med impulsar både frå barokk, samtidsmusikk og friare improvisert musikk.

Tidekverv vart uroppført på vårjamndøgn under Oslo Kirkemusikkfestival i år, og no vert Ålhus kyrkje ei nydeleg ramme for ein haustjamdøgn-konsert - torsdag 21. september. 


Benedicte Maurseth, hardingfele, sang
Berit Opheim, sang, perkusjon
Rolf Lislevand, lutt, el-gitar
Håkon Mørch Stene, vibrafon, perkusjon, elektronikk

folkjazzscena
beritopheim
benedictemaurseth
rolflislevand
førdefestivalen
ålhus
jølster

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.