FolkJazzScena: Ahlberg, Ek & Roswall

EVENT INFORMATION

Ahlberg, Ek & Roswall har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest spennande aktørane på den svenske folkemusikkarenaen. Dei er kjende for eit glitrande samspel, fantasifulle arrangement og eit stort og variert repertoar. Musikken deira har innslag av både pop og barokk, det er store klangvariasjonar, og ikkje minst – det svingar skikkeleg!

For to år sidan spelte trioen på Førdefestivalen, då med songaren Ulrika Bodén. Det går framleis gjetord om konserten dei hadde i Prestegarden i Førde som ein del av festivalens historiske blåtur på sykkel. Denne gongen er det idylliske Villa Åmot som dannar ei perfekt ramme rundt den inspirerande musikken til dei dyktige svenske musikarane. 


folkjazzscena
førdefestivalen
villaåmot
folkemusikk

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.