Erlend Apneseth: Nattsongar

EVENT INFORMATION

English below

Festsalen, Førdehuset

På få år har Erlend Apneseth etablert seg som er ein av våre leiande og mest nytenkjande felespelarar. Apneseth skildrar arbeidet med tingingsverket som eit slags forskningsprosjekt; eit forsøk på å forene ulike aspekt ved det vide begrepet "verdsmusikk" gjennom sitt eige musikalske univers, utan at det treng eller skal definerast for tydeleg - men forhåpentlegvis åpne øyrene for noko nytt. I tillegg går han inn i såkalla kontrafaktiske spørsmål kring slåttetradisjonar; til dømes: Kva om Anders Viken hadde latt seg inspirere av Django Reinhardt i si tid, korleis ville polkaen Smøygen låte? Eller hallingen Gamlestovslåtten i balkandrakt? Om Førdefestivalen hadde eksistert for hundre år sidan, ville slåttematerialet i nærområdet ha lete annleis sidan impulsane hadde vore fleire? Ved å vri og vende på det velkjente tradisjonelle materialet vil det fort vise seg, forøvrig i folkemusikkfestivalen si ånd - at vegen ikkje er så lang frå Sunnfjord til for eksempel Aust-Europa eller Midtausten. Med seg har han eit lag av glitrande musikarar med bakgrunn frå både folkemusikk og improvisasjonsmusikk, og saman skal dei skape musikk du garantert ikkje har høyrt før. Eller kanskje har du det?

TIL OMTALE

Erlend Apneseth: Night songs
Festsalen, Førdehuset

In the space of just a few short years, Erlend Apneseth has established himself as one of Norway’s most vital and innovative fiddlers. In this year’s commissioned performance, Night songs, he is accompanied by Erik Rydvall, Ole Morten Vågan, Hans Hulbækmo and Stein Urheim, and builds his performance on the music of local traditional dance tunes and musicians. Would the polka Smøygen have sounded different if Anders Viken had met Django Reinhardt?And–would traditional fiddle tunes from Jølster have sounded different if the Førde Traditional and World Music Festival, with all its diverse impulses, had existed a hundred years ago?

Read more

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.