BJØRGUM / SANDÉN-WARG på FolkJazzScena/Førdefestivalen

EVENT INFORMATION

Du får høyre både hardingfele, vanleg fele, munnharpe og kveding når Førdefestivalen i samarbeid med Indre Sunnfjord Spelemannslag inviterer til konsert med setesdølene Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg. Med seg har dei arven etter ein av dei beste og tøffaste spelemennene vi har hatt her i landet, Torleiv H. Bjørgum (1921-1990).

Som ein del av eit stort dokumentarprosjekt over Torleiv H. Bjørgum og Faremo-tradisjonen, som han var ein del av, gav Bjørgum / Sandén-Warg i vår (2015) ut plata «Bjørgumspel Vol II - Taddeivs minne 1. Det er i all hovudsak repertoaret frå denne plata som skal fylle konserten denne fredagskvelden. Årets plate er ein oppfølgjar til "Bjørgumspel Vol I" frå 2002, ei utgjeving med opptak der Torleiv sjølv spelar.

Hallvard T. Bjørgum (f.1956) er son til Torleiv H. Bjørgum, eller Taddeiv, som dei seier i Setesdal, og arvtakaren til Faremo-tradisjonen han representerte. Hallvard har gjeve ut eller medverka på eit stort tal plater. Han har spelt med musikarar som amerikanaren Eric Andersen og Rick Danko frå The Band. Han har vunne Spellemannprisen tre gonger og landskappleiken to gonger. Bjørgum har også fått ei rekkje utmerkingar: I 2002 fekk han Gammlengprisen og i 2014 vart han utnemnd til Riddar av St.Olavs orden av første klasse for sin "enestående betydning for norsk folkemusikk".

Daniel Sandén-Warg (f. 1977) er den svenske rockegitaristen, som vart hekta på feletradisjonen i Setesdal, då han høyrde kassettopptak av nettopp Torleiv H. Bjørgum på 90-talet! Det førde til at Daniel flytta til Setesdal, og lærte felespelet av Hallvard. Der bur han framleis, er utdanna sylvsmed, spelar munnharpe, fele og hardingfele i toppklasse, og snakkar klingande setesdalsdialekt. Daniel har vore fast felespelar for Odd Nordstoga, gjeve ut duoplater med både Sigurd Brokke og Per Anders Buen Garnås, og vore med på ei mengd utgjevingar innan mange sjangrar og uttrykk, med sitt karakteristiske spel og eineståande musikalitet.

Konserten slår an tonen for Vestlandskappleiken 2015, som går av stabelen helga 9.–11. oktober på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Indre Sunnfjord Spelemannslag er vertskap, og ser fram til å ta imot spelemenn, songarar og dansarar frå heile Vestlandet til venskapleg kappestrid og lystig samvære heile helga til endes. Når setesdølene går av scena fredag kveld, står heimlege spelemenn klare til å spele opp til dans. 

førdefestivalen
vestlandskappleik
folkemusikk
musikk
dans
song
tradisjonsmusikk
hardingfele
munnharpe
kveding
fele
folkjazzscena

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte