Barneverkstad med Raymond Sereba

EVENT INFORMATION

English below

Laurdag 9. juli kl 13.30-14.15

Barneverkstad med Raymond Sereba

For born frå 4-10 år.

Bli med til Afrika!

Raymond Sereba inviterer deg med på ei reise heilt til Afrika, til ei sanseleg og fascinerande verd av fargar, rørsler og musikk, som du får vere med inn i!

Raymond Sereba frå Elfenbeinskysten i Vest-Afrika er artist, musikar, dansar, skodespelar og forteljar. Han er ein særs erfaren pedagog som enkelt tilpassar seg ulike publikumsgrupper, og som har eit særleg godt lag med born! Han har turnert med Rikskonsertane sidan 1989 med ei rekke ulike produksjonar, både som soloartist og med ulike grupper og utøvarar.

Til Førde kjem han òg med barneforestillinga «Rytme-eventyr» som vert vist fredag 8. juli kl. 18.00 i Førdehuset.

Les meir om arrangemanget

Saturday 9. juli kl 13.30-14.15

Raymond Sereba
Raymond Sereba from Ivory Cost has lived in Norway since 1983. He’s an artist, dancer, musician and a storyteller, highly respected for a great number of programs for children, like concerts and workshops. This concert, called «Rhythm adventures» is about two best friends sometimes getting angry with each other. How they manage solving their disagreements and problems, in order to get along again. The stories are told through pantomine, music, rhythms and songs - and it all ends up in a big party where you are invited!

Read more about the artist